© Skrivergaarden

Skrivergaarden

I enden av vegen, i sørhellinga ovanfor fjorden, ligg Skrivergaarden – staden for herskapeleg ro, friheit og inspirasjon. Her vert du tatt i mot av eit vertskap som har tid og høve til å vise deg stedet i all sin prakt.

Med røter som strekk seg heilt tilbake til 1300-talet, har staden lang historie som samlingsplass, og tilhaldsstad for ei rekke menneskje med mynde og kunnskap, så som adelsmenn, embetsmenn og sorenskrivarar. Då kjend under namnet “Leikvin”.

Noverande bygning vart oppført i 1790 og har hovudsakeleg tent som sorenskriveri, men har òg husa diktarprestar og kunstnarar, og vart i 20 år drive som kultursenter. Det staselege bygget er freda, og blant dei største og best bevarte frå si tid i området.

Sidan 2017 har Skrivergaarden tilbudt eksklusiv utleige til venegjenger, seremonielle høve, markering av runde dager eller til leiarsamling for lokale verksemder. For inspirasjon og nytenking – med høve til overnatting for inntil 22 gjester. Samstundes er staden blitt arena for kunst- og kulturopplevingar. Biletutstillinger og konserter.

Nyt dagens fyrste kaffikopp i biblioteket, det blå kabinett eller i kvardagsstova med fyr i grua. Den historiske ramma gjer noko med deg, ein fell til ro og vert audmjuk. På ein god dag vaknar du med inspirasjon og ny energi etter nokre dagar på Skrivergaarden. Det lokale vertskapet skreddersyr opphaldet etter ynskjer og behov.

Velkomen til å ta eit steg til sides frå kvardagen. For det er på høg tid med litt høgtid i det kvardagslege.

Booking:
thomas@skrivergaarden.no / +47 478 57 09 /
ingrid@skrivergaarden.no / +47 482 89 340
Løkjavegen 184, 6773 Nordfjordeid
www.skrivergaarden.no