© Orheimstunet

Gardsferie

Orheimstunet

Orheimstunet ligg midt i Nordfjorden. Bu her, og ta dagsturar rundt i Nordfjord og Søre Sunnmøre. Gamlefjøsen med grunnmurar frå 1847, er restaurert til eit flott feriehus for storfamilien. Her får du heile huset for deg sjølv, med 8 (10) sengeplassar, og elles alt du treng for ein god ferie. Og for at du skal få feriefølelsen, husk at vi tek husvasken når du sjekkar ut.

Ute er det ein stor terrasse. Her kan du ta ut markisa, så du kan nytte grillen og spisebordet sjølv om det regner (vi er jo tross alt på Vestlandet). Fire solsengar, og eit lite plaskebasseng til dei minste borna. Bålpanne og nydelege utemøblar for seine sommarkvelder.

I sesong kan du få vere med i arbeidet med bikuber og hjelpe oss med å rydde hønsehuset. Du kan plukke ferske hønseegg og vaktelegg. Gå omkring på garden og plukk med deg det du finn av mat. Her er det økologisk dyrka grønsaker, frukt, bær og urter.

Treng du aktivitetar for regnfulle dagar, finn du brettspel for alle aldrar, puslespel, småbarnsleikar og lego, og et godt utval av bøker.

På stabburet har vi eit museum etter Mathias Orheim. Spør oss, så får du ei omvisning, der du ser korleis ein levde på 1800-tallet.

Ynskjer du ei spesiell overnatting, kan du bu i vårt sel (fjellhytte) i Orheimsbotnen. Ikkje innlagt vatn eller strøm, så her er du også tilbake til korleis ein levde for 200 år sidan.

Er du klar til å bu hos oss? Du kan booke direkte på www.airbnb.com eller www.booking.com.

Adresse: Orheimsvegen 134, Stårheim, avkøyring i bakken ovenfor ferjekaia.