© Stad hotell

Hotell

Kva med ei natt på hotell?

Nordfjord Hotell

Nordfjord Hotell tilbyr 54 velutstyrte gjesterom med 110 sengar. Hotellet har restaurant med eit godt kjøkken, bar, moderne møteromsavdeling for inntil 250 personar samt nytt badehus med SPA og treningssenter. Hotellet har heis.

Hotellet si sentrale plassering i Nordfjord gjer at det er ein populær møteplass for forretningstrafikk og ein naturleg møteplass for kurs og møter. Hotellet er eit godt utgangspunkt for turar i distriktet.
Booking

Bryggen Hotell

Med en sentral beliggenhet på Nordfjordeid, tilbyr Bryggen Hotell Nordfjord et godt utgangspunkt for opplevelser i Sogn og Fjordane.

Bryggen Hotel tilbyr lyse og moderne rom med gratis WIFI. Alle rom har eget bad, flatskjerm med stor kanalpakke.

Sentrum Hotell

Eit familiedreve hotell som ligg stille og roleg plassert i sentrum av Nordfjordeid, like ved Eid Rådhus.

Hotellet har ein unik beliggenheit med nærleik til offentleg kommunikasjon og servicetilbod. Hotellet ligg berre 1 km unna Operahuset Nordfjord, og har gåavstand til elvefiske, golfbane og fjellturar.

På hotellets restaurant kan du nyte god, heimelaga mat. Hotellet har bar med alle rettigheiter og uteservering med tak og varme.

Stad Hotell

Ein unik møteplass i storslått natur med historisk ramme rundt dei store hendingane i livet.

Restaurant med gode opplevingar på bordet og i glaset. Få maten servert heilt i sjøkanten utan å bli våt på beina – med ei utsikt dei færraste restaurantar kan by på. Råvarene kjem rett frå havet – både kortreist og langreist.

Med kort avstand til Vestkapp, Ervik, Hoddevik og Selja Kloster står natur- og kulturopplevingane i kø. Stad Hotell er allereie eit naturleg sentrum for møter, arrangement og opplevingar. Vi har effektiv avstand til både Ålesund, Bergen og Oslo – og kort køyreavstand til indre og ytre delar av det nye Vestland.

Hotellet har 31 rom med suite, familierom og businessrom. Festsalen har plass til 200 gjestar og restauranten har mange spennande moglegheiter. Konferanserom, pub og uteservering gjer Stad Hotell til ein perfekt stad for firmamøter, selskap og kulturarrangement. Eller kanskje berre for ein som vil finne litt ro i sjela.

Frimannsbuda

Sentralt i Selje sentrum ligg Frimannsbuda. Her er 6 rom med totalt 13 sengeplasser og delt bad. Her er restaurant med frokostservering, pub og gratis WiFi. Privat parkering kan ordnes mot en ekstra avgift.

Fjordane sommarhotell

Prøv ei natt eller to på Fjordane sommarhotell!
Fjordane folkehøgskule leige ut paviljongar, leilegheiter og hyblar til ferierande gjester i sommarsesongen.