Jobbe i Stad
Jobbe i Stad
Jobbe i Stad
Previous slide
Next slide

Er du ny i kommunen vår eller planlegg å flytte hit? – Du er uansett hjarteleg velkomen! 

I denne nye  langstrakte kommuna vår som har ca. 9500
innbyggarar og som strekker seg ca. 87 km frå Holmøyane i aust til Honningsvåg i vest finn du mange interessante arbeidsplassar.

Dei to store primærnæringane våre eksisterer i beste
velgåande, frå bonde i indre region til fiskar i ytre region. På Nordfjordeid som er kommunesenter finner du alt av handels- og servicetilbod, sjukehus, vidaregåande skule, offentlege kontor, opera-/kulturhus, legevakt, idrettshallar og det meste anna du treng for å leve eit godt liv i Stad kommune.

Det er også andre bygder rundt omkring i kommuna som har gode
tilbod på skule, barnehagar, handel og næring.

Enten du ynskjer å bu ved havet eller i innlandet, i Stad kommune finn du alltid en plass du vil trivast. Naturen er mangfaldig og
variert, du kan køyre ski i høgfjellet eller surfe på bølgene ved kysten.

Vi har samla eit knippe med gode opplevingar, tilbod og
tenester til deg. Vi håper du finn noko som kan passe – og at du vil finne deg til rette og trivast i Stad.

Du er hjarteleg velkommen til Stad for å bu og arbeide, eller på besøk.

Ta gjerne kontakt med meg på e-post, sms eller Messenger –
eg står til din rådigheit.

Beste helsing

Gunnar Silden
Ordførar i Stad Kommune