© Stad kommune

Dragseidet

Dragseidet er det vestlegaste av tre 'eide' over Stadhalvøya. Namnet kjem truleg av at sjøfarande frå uminnelege tider drog båtane over eidet når det ikkje var vertilhøve for kryssing av Stadhavet.

Dragseidet er også godt kjend frå soga som fortel at Olav Tryggvasson i 997 kalla leiarane frå fire fylke til tings her for å få dei til å ta mot den nye trua. På høgaste punktet på eidet står ein bauta på ‘Kongshaugen’. Lenger nord vart det i 1913 reist ein steinkross til minne om kristningsarbeidet i 997 der bondeleiarane etter soga fekk valet mellom dåpen og kristentrua eller halde slag mot kong Olav sine menn. Men då bøndene såg at det ikkje var råd for dei å slåst mot kongen, vart det avgjort at alt folket skulle la seg kristne. Etter dette fór kong Olav med hæren sin til Nordmøre og kristna fylket der.

Dragseidspelet «På Sverdeggja» er eit friluftsspel med bakgrunn i dene historia. Spelet er skrive av Rolf Losnegård og vart for første gong presentert ved det storstilte 1000års-jubileet for hendinga i 1997. Eit vikingtun vart bygd opp på staden der hendinga etter sagnet skal ha funne stad. Rundt 8000 menneske såg jubileums-forestillingane, som vart opna av Hans Majestet Kong Harald. Sidan jubiléet i ’97 har Dragseidspelet blitt synt elleve gongar. Den historiske kjelda til spelet ligg i Snorre og i Dagfred Berstad si omsetjing av delar av Flatøyarbok frå islandsk til norsk. Her ligg også grunnlaget for historia om hovudpersonen i spelet, Ragnvald frå Ervik på Stadlandet. Ragnvald er ein høgt akta stormann. Som Kongen sin fange spelar han, og familien hans, ei framtredande rolle i handlinga. Dramaet balanserer på sverdeggja, frå klingande sverd i heftige kampscener til vâr og kjensler.