© Ulf Rugumayo Amundsen

Selja kloster og den heilage øya

Opp frå det lunefulle Stadhavet stig sagaøya Selja som ein mektig, grøn katedral. Dette er staden der historia om den første og einaste kvinnelege helgenen, Sankta Sunniva stammar frå.

Øya har to ulike klosteranlegg. Det eine helgenanlegget ligg oppe i fjellsida og det andre er klosteranlegget nede på sletta med klostertårenet intakt.

Klosteranlegget vart bygd i løpet av 200 år og vart ferdigstilt på 1300-talet. Eldste delen er vestenden av Albanuskyrkja, som er frå kring 1100. Kyrkja var seinare forlenga mot aust, og tårnet bygd attåt mot vest. Sør- og austfløyane stod ferdige i stein på slutten av 1200-talet, medan vestfløyen kom tidleg på 1300-talet. Ved klostervågen ligg Munkestøda, som er murar etter klosternaustet.

Det går tre turstiar på Selja. Stien på nordsida er den gamle og mest brukte vegen ut til klosteret. Med roleg gange tek det 25-30 minutt å gå ut til klosteret på denne 1,5 km lange vegen.

Stien på sørsida er ikkje så mykje brukt, men òg ein fin tur for dei som ønskjer å gå der. Landskapet og utsynet er vidare og meir dramatisk på denne sida av øya, om du er heldig kan du sjå havørn. På denne 3 km stien må du rekne med ein times roleg gange mellom klosteret og Bø.

Den tredje stien går over toppen av øya og tek omlag 1,5 timar å gå. Toppen av Selja heiter Varden og er 201 m.o.h. Frå klosteret starta stien ved toppen av trappene ved Sunnivahola. Frå Varden har du flott utsikt i alle retningar.

Stad kommune, Universitetet i Bergen, NIKU, Riksantikvaren og Arkikon har samarbeida om ein animasjonsfilm om klosteret, slik det kan ha sett ut rundt 1320. Denne animasjonen gjev oss enda meir innblikk i korleis klosterlivet kan ha vore. Filmen ser du her

Besøk Klosterbåten si nettside for informasjon om avgangar.

Meir informasjon og fakta finn du på Selja kloster si nettside