© Ulf Rugumayo Amundsen

Sagastad

Sagastad er vestlandet sitt nye kunnskapssenter om vikingtida. Her kan du oppleve det 30 meter lange Myklebustskipet – eit av verdas største vikingskip. Lær om mystikk og ritualer, om store reiser i fantastiske skip, og om vår stolte kulturhistorie.

Myklebustskipet er det største vikingskipet som ein har funne spor etter i Noreg. Det vart funne i ein gravhaug på Nordfjordeid i 1874, men sidan vart det gløymt av mange. No har skipet reist seg frå oska berre få meter frå Eidsfjorden der Myklebustskipet fyrst segla for over 1000 år sidan.

Full lengde 30 m / 100 ft
Bredde 6 m
Høgd i stamnen Ca 7 m
Tal på årer 24 par 30
Tal på skjold 48
Tal på saum / spiker med rø ca 7000 stk
Tal på trenagler Ca 700
Anslått vekt Ca 16 tonn

Historia og funna

Den unge arkeologen Anders Lorange kom til Nordfjordeid frå Berge i 1874 for å undersøke den store gravhaugen som lokalt vert kalla «Rundehågjen» eller «Lisje Skjoratippen». Haugen står på Myklebustgarden, ein gard som har husa fleire gravhaugar. Men akkurat denne haugen viste seg å vere spesiell.

Haugen var om lag 30 meter i diameter, var nesten 4 meter høg, og hadde ei brei vollgrav rundt. Haugen inneholdt restane etter eit fantastisk vikingskip og ei rekke høgstatus-gjenstandar frå slutten av 800-talet. Dei overdådige gravrestane i haugen og spora etter dei mystiske rituala som var utført ved gravlegginga, gav ei fascinerande innsikt i levemåte og verdsbilete i det norrøne samfunnet som levde på Nordfjordeid for over tusen år sidan.

Skipet i haugen fekk namnet Myklebustskipet, etter gardsnamnet der det vart funne. Dessverre kom skipet i skuggen av vikingskipa som vart funne nokre år seinare: Gokstadskipet i 1880 og Osebergskipet i 1904. Årsaken var at Gokstadskipet og Osebergskipet var funne intakte, medan Myklebustskipet hadde vorte brent ved gravlegginga. Det var derfor ikkje mykje å sjå av Myklebustskipet. Men gravhaugen inneheldt spor etter ei stolt fortid for skipet og den gravlagde. Denne fortida fortener også å kome fram i lyset.

www.sagastad.no
post@sagastad.no
tlf: 578 62 200