© Ulf Rugumayo Amundsen

Dagsturhyttene i Stad

Havglimt og Sjøglytt – Knutepunkt for kunnskap

Dei to dagsturhyttene Havglytt og Sjøglytt ligg i eit spanande og verdifullt kulturlandskap! Vestland og Rogaland fylkeskommunar har saman etablert prosjektet Knutepunkt for kunnskap. Det nyttar dagsturhyttene som arena for kunnskapsdeling om kulturlandskapet kring hyttene.

Havglimt

Havglimt ligg i lia som ligger rett under Lundebrekkhornet ned mot Nollen. Hytta har utsikt både til Leikanger sentrum og utover Vanylvsgapet der ein skimter Stadthavet i det fjerne. Her er også panorama utsikt til heile Sunnmøre.

Hytta har stor nytteverdi for skule og barnehage. Fint for camping v/hytte og muligheter for å gå videre til Lundebrekkhornet  eller andre topper.  Her er vedomn, toalett og strøm via solcelle. Ikkje tilgjengeleg med barnevogn eller rullestol. Sjå turer på UT.no

Du kan parkere gratis ved Stadlandet skule eller ved barnehagen om den er full.  Venligst ikkje parker på busstoppen eller kjør opp i byggefeltet.

Turstien er 2 km ein veg, og tar omtrent 0,5-1 t. .

Stien til hytta
Det er fleire ulike stiar som fører til Lia men kun ein som er merka og offisiell:

Frå skulen følger ein vegen til topps i byggefeltet bak skulen (500m) og tar til høgre i siste svingen før toppen. Følg merka sti oppover (400m) til ein kjem i utmark. Ta så til venstre innover og følg langs gjerdet på oppsiden (600m). Her vil du finne eit rastebord for å kvile slitne bein.  Over ei bru og til høgre på sti/vei oppover langs elva (400m). Her vil du på ny finne eit rastebord ein kan nyte utsikta og samle krefter før toppstøtet. Ca 150 m avstikker til venstre mot hytte som ikkje er sti.

Sjøglytt

Sjøglytt ligg på Risnakken, rett over Selje sentrum.

Det er gratis å parkere i Selje, og du kan parkere i sentrum eller ved skulen. Kjem du padlande, kan du parkere kajakken ved BUA/Seljesanden, og for båtreisande er det gjestehamn i Seljevågen.

Kjem du med buss? Gå av ved busskuret ved Selje skule. Båt: Gå frå hamna mot Seljesanden. Då ser du løypa opp bakken.

Stien til hytta
Turen startar i Skogaveien ved Doktorgården. Du går ca. 100 meter på vegen i retning mot kyrkja. Då vil du sjå skilt og starten på trappa mot Risnakken på høgre side av vegen. Det er bratt, men gode trappetrinn. Løypa er lyssett og kan nyttast heile året. Frå Risnakken er det merka sti vidare mot Kvenshusdalen (der er fiskevatn) og vidare til nest høgaste toppen i Selje: Tarvaldseggja. Du kan også ta det som ein liten rundtur. Det går turveg frå Risnakken og vidare bak mot Djupedalen. På Risnakken er det også utandørs treningsapparat, ein gapahuk og leikeområde. Og ikkje minst ei fantastisk utsikt mot Selje sentrum, sanden, Selja, Stadhalvøya og Stadthavet.

Hytta ligg på om lag 135 moh. Turen opp tek 10–30 minutt avhengig av tempo. Det er 0,7 km ein veg.

Sjå turer på UT.no

Naustdalskamben

Naustdalskamben ligg om lag midt i mellom Stårheim og Nordfjordeid og har utsikt både inn til Nordfjordeid sentrum og utover Nordfjorden.

Parkering finn du ved næringsområdet på Reset, ved Haugen skule eller ved Stårheim stadion, avhengig av kva rute du vel til hytta. Følg rv. 15 for å kome til alle tre start moglegheitane. For å kome til Reset kan ein enten kjøyre Bjørhovdevegen eller følge fv. 5747 Hjalmavegen. Begge vegane blir samla i eit kryss på Hjelmeland. Her tar du av til Remmedalen. Følg denne vegen til det er skilta til parkering for dagsturhytta.

Det er fleire ulike stiar som fører til Naustdalskamben
Frå Reset i Hjelmelandsdalen: sjå kart over ruta på UT.no. Dette er den slakaste og mest familievennlege ruta. Følg grusvegen innover i næringsområdet, og der vegen sluttar, startar stien. Merking med raude stikker på velbrukt sti første 500 m, så på traktorveg fram til du møter stien frå Grøthaug / Haugen etter 1,5 km. Frå denne opne plassen i skogen er det god sti heile vegen vidare opp til toppen. Stien er velbrukt og lett å finne. På toppen flatar det ut og vert litt myrlendt siste stykket fram til hytta. Turen er 3,2 km i alt.

Frå Haugen skule: sjå kart over ruta på UT.no. Parkering ved Haugen skule. Turen er 2 km på asfalt og 2 km på sti.

Frå Torvik på Stårheim: her er det ein nyrydda og merka sti. Parkering ved Stårheim stadion. Startpunkt på ei bru over elva ved kraftverket. Det er merka med blå stikker heile vegen til topps.

For eit kort, men bratt alternativ er det markert stistart ved Naustdal langs rv.15 i 80-sona mellom Stårheim og Haugen.

Alle turane tar mellom 45 min og 1,5 time avhengig av utgangspunkt og tempo. Hytta ligg på 475 moh.