© Marit Fure

Indre Fure

Indre Fure er eit idyllisk gardstun, med ei historie attende til 1300 talet, og er eit av dei siste klyngetuna her i landet. Vegen kom dit først i 1966.

Fure er inndelt i to gardar. Indre Fure der bilvegen stoppar og Ytre Fure som ligg ein times gange på tursti vestover. Indre Fure er nemnt første gong i skrivne kjelder kring 1300–1350-talet, og tunet står i ei klynge slik dei første gardane stod i gamle dagar. Dette er det einaste tunet på Stadlandet som står igjen slik som det var før.

Det vert fortalt at dei første som busette seg på Fure var dreng hos presten og bygsla farden for 2 torskar i leige. Brukarane som budde her levde hovudsakleg av jordbruk og fiske. Då jordbruk gav lita innkome, var det fiske som vart hovudnæringa. Fiske etter laks og hummar gav god inntekt til mange av brukarane. Etter kvart vart det stasjonert mange husmenn og legdemenn med familie. Desse mennene var mannskap i båtane til brukarane, og tente såleis til livets opphald. Dei reiste til Bergen for å byte fangsten i varer og kontantar.

Slik måtte dei drive sjøen for livberging i all slags ver, sommar og vinter, i stilla og storm. Det var ikkje alltid fiskarane kom seg i land på Fure etter ein sjøtur, så dei måtte finne landingsplassar i andre bygder på Stadt. Det vart såleis mang ei uroleg tid for kvinnene som speida utover havet og venta på menn og søner som var på sjøen. Det var ikkje alltid dei kom til lands i det heile, og havet vart deira våte grav, Ei slik hending høyrer vi om i 1713 då 4-5 mann omkom. Etter denne hendinga vart det fortalt at det ikkje var ein mann att på Fure.

Fure er om lag den einaste plassen i området dei har kunna dyrke frukttre. Brukarane på Indre Fure har tidlegare fått premie for Alexandria-epla som vart dyrka her. Furestaven ytterst på Ytre Fure er ein av dei to plassane i dåverande Selje kommune der ein har funne kleberstein. Her finst merke frå gamalt av etter uttak til steingryter.

Frå Indre Fure kan ein gå til Ytre Fure. Denne turen tar omkring ein time, og dette er ein populær spasertur.

Web:
Indre Fure
nordfjord.no