Nordfjordeid

Midt i Stad, får du smaken av det urbane livet i bygdebyen Nordfjordeid. Passe stor. Passe liten. Stor nok til å tilby det du treng. Liten nok til å gje kjensla av å ha den for deg sjølv.

 

Den pittoreske Eidsgata har lange tradisjonar som handlegate. I dag finn du nisjebutikkar og kafear der.  Populære plassar for kaffi, is eller lunsj er COCO, Didriks og Minibakeriet. Aske Restaurant er kjent for god både gatemat og dagens middag. China Restaurant Chen har både god mat og god service. 

Gata ligg nær gravhaugen der ein fann restar av det brende vikingskipet som no er rekonstruert og presentert i Sagastad.

Sør i gata finn du Kulturhuset Gamlebanken, som er eit regionalt kunstgalleri i Nordfjord. Her er faste separatutstillingar, kunst for salg fra ulike kunstnarar lokalt og fra andre delar av landet innan bildekunst , foto , keramikk, trearbeid m.m

Nordfjord Hotell har 55 gode gjesterom, god frukost og restaurant med dagens og a la carte. Hamna aktivitet og helse har både treningsrom, klatrerom for barn og buldring. Hamna er plassert i småbåthavna, der det også er oppstillingsplassar for bubilar.

Ved fjorden finn ein det moderne kjøpesenteret ALTI Nordfjord der du kan få kjøpt alt av mat, utstyr, klede, parfymeri, apotek og vinmonopol. Der er også ein populær kafe med panoramautsikt ut fjorden. 

Kunnskapssenteret om vikingtida,  Sagastad og dei gamle laftastovene i restauranten Magnifikk finn ein ved Sagaparken. Sagaparken har badestrand, leikeapparat, sandvolleybane, grillplassar. Nydelig plass for piknik og bading. Sagaparken er også nær klatreparken ved Eid Kyrkje. Det er etablert ein fin fjordpanorama frå Sagaparken langs fjorden.

Fjordhesten er ein av verdas eldste hesteraser og har sitt opphav i fjordlanskapet på vestlandet. På Nordfjordeid er det heilt vanleg å treffe fjordhestar i gatene, og på Norsk Fjordhestsenter kan du få vere med på aktivitetar i lag den denne særeigne hesten.

I Operahuset Nordfjord kan du oppleve varierte arrangement heile året, gå på kino og besøke biblioteket

Det finst mange merka turløyper med utgangspunkt i sentrum eller områda rundt. Du kan også nå svært flotte fjelltoppar/ utsiktspunkt som Trollenyken, 898 meter over havet.

BUA Eid har gratis utlån av sport- og fritidsutstyr.  Ved lån av kajakk krev BUA Eid at lånetakarane har våttkort. Dette er på grunn av sikkerheit og tryggleik når ein padllar.  BUA samarbeidar med UT av Huse som arrangerar padlekurs på Eidsfjorden kvar torsdag frå mai til oktober. Gjennomført kurs gjev våttkort frå Norges Padleforbund og moglegheit for å låne kajakk gratis både hjå BUA Eid og BUA Selje.
Låne kajakk 
Padlekurs

Nordfjordeid har mange vakre parkar: Sagaparken, Kyrkjeparken, Vikingparken, Maurstadparken og Malakoff med Jektehola. Dette er den gamle eksisplassen på Nordfjordeid og arena for utandørs musikkspel og rockefestival. Jektehola er ein populær plass for grilling og bading i Eidselva.

Sagaparken
som ligg like ved Alti Nordfjord, er eit nytt park- og badeanlegg ved Eidsfjorden. Her er det fint å berre sitje og nye utsikta over Eidsfjorden, eller ta i bruk litt av det som parken innbyr til. Her er leike- og trimapparat, sandvolleybane, grillhytte og andre aktivitetstilbod, og ei universelt utforma badestrand. Her ligg også eit offentleg toalett.
 
Vikingparken
ligg like ved den gravhaugen på Myklebust der det brente «Myklebustskipet» vart funne i si tid, og som no blir rekonstruert i full storleik i Sagastad. Litt tilbaketrekt mellom Eidsgata og Lotevegen er dette ein stad for kvile og å nyte utsikta til gravhaugane Rundehogjen og Skjoratippen. Du går innom denne parken om du går Sagaløypa.
 
Klatreparken
ligg ved Eid kyrkje. Her er plassen for både store og små barn. Fint å sitje her medan borna kosar seg i klatrestativa.
 
Maurstadparken
Like ved busshaldeplassen ligg Maurstadparken som har fått namnet sitt etter Alfred Maurstad som også har fått ei flott statue av seg der. Statua viser Maurstad som Peer Gynt og er laga av Arnold Haukeland.
 
Plassen med Jektehola
Den største parken i sentrum er den gamle eksersisplassen. Går du sørover frå Almenningen langs Osvegen, kjem du til Plassen. Her er det historisk sus mellom trea, dei gamle husa frå eksersistida og bautane med minnesmerke over falne i verdskrigane. Langs elva ligg Jektehola med sti langs Eidselva. Her er det grillar som du kan nytte, og her er også fint for ungane å plaske i elva eller berre sitje å nyte endene som har tilhaldsstad i elva her.
 
Badstuplassen
er ein park med eit leikeområde midt i Eidsgata. Lokalisert like ved Kulturhuset Gamlebanken og Narvesen. Her er det også offentleg toalett.
 

Malakoff
Den gamle eksersisplassen Malakoff ligg i dag som ein idyllisk park, men på 1800 og 1900-talet var dette staden for stor militær aktivitet. Her låg landets eldste eksersisplass, og du kan lett forstille deg livet på eksis når du står i parkområdet. Her er bygningar frå 1700-talet, og i Jektehola der eidakvinnene vaske kleda til dei som var på eksis, er no i dag ein flott stad for rekreasjon.

Eidsgata I Nordfjordeid sentrum ligg den verneverdige Eidsgata. Gata er i Riksantikvaren sitt register over tettstader med nasjonal verdi, og eidarane er stolte av og tek vare på husa i gata. Ei vandring i gata tek deg tilbake til farne tider; husa i den eldste delen av gata er frå siste del av 1800-talet og tidleg 1900-talet. 

Les meir nordfjordeid.no.