Eksersisplassen Malakoff

Den gamle eksersisplassen Malakoff ligg i dag som ein idyllisk park, men på 1800 og 1900-talet var dette staden for stor militær aktivitet. Her låg landets eldste eksersisplass, og du kan lett forstille deg livet på eksis når du står i parkområdet. Her er bygningar frå 1700-talet, og i Jektehola der eidakvinnene vaske kleda til dei som var på eksis, er no i dag ein flott stad for rekreasjon.

Frå 2003 har «Plassen» vore arena for det årlege «Malakoff Rockfestival» med artistar frå inn- og utland. Det heile starta som elevbedrift av 3 initiativrike elevar ved Eid vidaregåande skule. Eit fantastisk, frivillige hjelpeapparat av enkeltpersonar, lag og organisasjonar er avgjerande for gjennomføringa.

I 2005 fekk vi sogespelet «Elskhug og Eksis», eit spel som tar oss tilbake til 17.mai 1895. Kaptein Myklebust er ein sentral skikkelse, her tolka av Erlend Ona Gjul. Dette historiske spelet vert vist kvart 2.år, og er kanskje eit av landets største utandørs barne- og ungdomsspel, med meir enn 100 aktørar. I dette spelet er «Kjøsnesmusikken» òg på plass, men i dag i regi av Eid musikklag.