© Eventyrstallen

Stårheim

Stårheim er ei vakker fruktbygd på nordsida av Eidsfjorden, vest for Eid sentrum. Omkransa av fjell og fjord har Stårheim eit rikt tilbod for folk i alle aldrar. Vi er veldig stolte av bygda vår, og vil gjerne visa ho fram til alle som reiser forbi. Derfor håpar vi mange stoppar her hos oss i sommar. Takk for at du ryddar etter deg! Søppel kan kastast i kontainer ved busskuret i sentrum. #hjartestad «Stårheim - perla midt i Nordfjord»

Overnatting

Naust-leilighet Wenche og Åmund Starheim
Orheimstunet

Fjellturer

ut.no finn du mange fine fjell- og skogsturar, både korte og lengre, med start på Stårheim. Ikkje ver redd for å spørje bygdefolket etter tips, vi svarer og hjelper gjerne.

Dagsturhytta på Naustdalskamben: Er den dagsturhytta i fylket med flest merka stiar og vanskegrader. Ved denne hytta har du panoramautsikt og her er barnevennleg å vere.

Bauvatnet: Er ein barnevennleg tur, med lite stigning. Her er fint å ta eit bad og fiske småkrede med oter.

Sethaugen: Er ein kort tur, med nydeleg utsikt over bygda og fjorden.

Røedsetra: Er ein kort tur til ei stor sæter der lokalbefolkninga feira 17.Mai i skjul under krigen. Røedsdammen har historie som det første kraftverket i bygda der gardane nedanfor fekk nok straum til kvar sitt lys i fjøsen.

Steinfjøsen på Orheim: Fantastisk ingeniørkunst, utsikt og ei bålpanne du kan laga mat på. Parkering ved Orheimstunet.

Lundavarden: Har den beste utsikta over Nordfjorden frå Nord.

Fannstøylen: Nydeleg sæter, og utgangspunkt til fleire turar. Barnevennleg tur og plass å vere på.

Blåfjellet: Lengste turen i Stårheim, og har utsikt 360 grader. Herfrå ser du mot Sunnmøre. Turen kan kombinerast med andre turar. Det er litt namnestrid rundt dette fjellet. Nabobygda kallar dette fjellet for «Kvanndalseggja». «Kvanndalseggja» Er eggja dei frå denne bygda går for å komma opp på Blåfjellet.

Løysingevatnet og løysingvasshytta: Flott vatn å bada og fiska i. Løysingvasshytta har det du treng, og alle kan få overnatta der gratis. Det er likevel eit ønske at folk bidreg litt økonomisk, og betaler ein valfri sum etter å ha brukt hytta sidan ho blir halde ved like på dugnad, har litt proviant og alt du treng for å laga mat. (Der ligg giro på hytta). Her er òg moglegheit å bruke båten som ligg der, og fiske med garn.

Heida: Er ei flott sæter i Remmedalen, og startpunkt for tur til Trollvassnyken.

Fiskeplassar

Det blir fiska dei fleste plassar langs fjorden, men enklast å finne er nok småbåthamna før sentrum, og kaia i sentrum. Litt meir skjult ligg Ålundshammaren på nedsida av busshaldeplassen 200m vest for Stårheim sentrum.

I tillegg kan det fiskast gratis i Stårheimselva. Då kan det vere greitt å køyre til vegs ende opp gjennom dalen, og følgje elva anten oppover eller nedover til fots. Her er òg mange fine badeplassar.

Badeplassar

Vest for bensinstasjonen finn de Ålund, med gapahuk laget av 4H.
Aust for kyrkja finn de Suffefjæra.

Leiketilbod

Stårheim skule ligg vis a vis bensinstasjonen i sentrum. Her er mykje flotte leikeareal og ballbinge. Her kan mor nyte kaffi og is, barna leika og far sjå på og drøyma om ny bil.

Handel

Stårheim bilverkstad har sal av bilar.

Stårheim bensinstasjon sel det meste du skulle trenge, og har veldig god ferdigmat. YX Stårheim er kjent for den beste hamburgaren til fjorden og soft-is.

Hos Mikkelsgard kan du kjøpa ferske egg til frukosten, og langs vegen kjem det opp skilt om bær, frukt og grønsaker til sals, etter kvart som dei modnast.

Båtutleige

Orheimstunet Tlf: 468 22 119

Eventyrstallen, ei norsk gardsoppleving

Eventyrstallen ligg 3 minutts køyring frå sentrum. Garden ligg idyllisk til ved sjøen, omgitt av fjell og fjord.

Eventyrstallen har tre etasjar:
Øvst er det kiosk og sitjeplassar, der du kan slappa av, drikke ein kopp kaffi med is til, eller nyte medbrakt lunsj.
På låven i 2. etasje er det gardsbutikk, med utstyr til hest og ryttar.
I 1. etasje bur alle dyra. Dersom det er veldig dårleg vêr, kan du helse på dyra inne.

I Eventyrstallen kan du oppleve typisk norske dyr. Dette er dyr som er vann med å vere bland menneske, både vaksne og barn. Her kan dei minsta borna å ri på Shetlandsponni, og dei litt større på Fjordhest. Du kan òg sitje på når det blir køyrt hest og vogn. Har du lyst å prøve å stelle ein hest, klappe ein kanin, plukke egg eller leike med ei geit? Det kan du her.

Du kan òg prøve aktivitetar som hesteskokasting, pil og boge og mjølkespannhalding. Eller du kan gå ein tur langs sjøen og nyte flott norsk natur, bade i fjøra eller fiske frå moloen.

Avstandar til nabokommunar

Stårheim ligg midt i Nordfjord og har under ein time køyretur til dei fleste nabokommunane.

  • Nordfjordeid: ca 15 minutt                    
  • Volda: ca 60 minutt                              
  • Stryn: ca 50 minutt                             
  • Sandane: ca 45 minutt                    
  • Måløy: ca 35 minutt                              
  • Selje: ca 45 minutt                     

Ferje Stårheim – Isane til:

  • Kalvåg ca 2 timer
  • Grotle ca 2 timer
  • Rugsund 45 minutt
  • Berle ca 60 minutt