© Øystein Torheim

Operahuset Nordfjord

Operahuset Nordfjord, samlokalisert med Eid vidaregåande skule i sentrum av Nordfjordeid og vart opna av kulturministeren i 2009. Her finn ein konsertsal med plass til 530 publikummarar, Gymmen scene og studio og både kino og bibliotek. Operasalen er fast arena for distriktsoperaen Opera Nordfjord, men tar imot kunstnarar og produksjonar med beste kvalitet året gjennom, mellom anna Riksteateret.

Det samlokaliserte anlegget er også ein populær arrangementsarena for lag, organisasjonar, skular og privatpersonar i distriktet. Elevar ved dei ulike yrkesfaglege linjene er ofte direkte engasjert i produksjon av musikalar og operaframsyningar.

www.operahuset.no