© Ulf Rugumayo Amundsen

Kyrkjene i Stad

Eid kyrkje
Nordfjordeid er rekna som den eldste kyrkjestaden i Nordfjord etter Selja. Her stod den første heradskyrkja i Nordfjord, og fram gjennom hundreåra har her stått i alt fire eller fem kyrkjer. Den siste har passert ein alder på 150 år,og er kjend som den rosemåla kyrkja i Nordfjord.

Det var kunstmålaren og treskjeraren Lars T.Kinsarvik som i 1915 stod ansvarleg for det store restaureringsarbeidet, og som omskapte kyrkjerommet til eit sjeldan storslått prydverk med eit sterkt nasjonalromantisk preg.

Ervik kyrkje
Kyrkja, som tidlegare var Ervik kapell, er ei langkyrkje frå 1970.
Kyrkja vart reist til minne om forliset til hutigruteskipet DS «Sanct Svithun» under andre verdskrigen der 50 mista livet. Bygdefolket medverka sterkt til berginga av dei 78 andre. Inni kyrka er det fleire minne frå skipet, blant anna skipsklokka, medan ankeret ligg utanfor kyrkja.
Kyrkja vart soknekyrkje i 1997.

Kyrkjegarden i Ervika går tilbake til før 1550, og det var truleg omkomne ved skipsforlis som fyrst vart gravlagde her. Stadthavet er av mange rekna som den største kyrkjegarden på norskekysten. Ei segn fortel at portugisiske sjømenn var dei fyrste til å få gravene sine i Ervika. Men avstanden til soknekyrkja i Selje var bakgrunnen for at det vart lagt ein kyrkjegard her.

Heggjabygda kyrkje
I Heggjabygda var det sokneprest Anton Johnson som i 1913 føreslo at bygda måtte få eigen gravplass, slik at gravfølgja slapp å reise med båt over vatnet til Hornindal, prestegjeldet som Heggjabygda den gongen sokna til. To år seinare kom den same presten med ei tilråding om at der måtte byggjast kapell på staden. Hornindal heradsstyre måtte garantere for oppføring av bygget, vedlikehald og driftskostnader.

Då bygginga kom i gang i 1934, var det bygdefolket sjølve som stod for arbeidet med å få fram stein til muren og material til sjølve bygget.
Det var ein stor dag i bygda då kyrkja i oktober i 1936 omsider kunne vigslast

Kjølsdalen kyrkje
Mangelen på graver vart starten på realiseringa av kyrkjebygget i Kjølsdalen. Gravstaden vart teken i bruk i 1928 – og dei strabasiøse ferdene til gravstaden i Davik på andre sida av fjorden var historie.

Få månader etter krigsutbrotet i 1940 fekk folket på nordsida av fjorden i den gong Davik sokn oppleve at folkekravet om eiga kyrkje vart realisert. Endeleg skulle dei sleppe kyrkjeferda over Nordfjorden. Kjølsdalen var den einaste kyrkja i fylket som vart vigsla under krigen. Då hadde det gått 64 år sidan kyrkjekravet første gongen vart fremja.

I 1954 vart Kjølsdalen og nordsida utskilt som eige sokn i Davik. I 1965 vart kyrkja overført til Eid prestegjeld i samband med kommunereguleringa.

Leikanger kyrkje
Kyrkjebygningen på Leikanger står på den tredje staden sin, men er lite attkjennande etter kyrkja som truleg alt på slutten av 1500-talet vart sett opp på Bø på Selja. Frå 1654 til 1866 stod kyrkja i Selje, før ho vart flytta hit. Ho er seinare mykje ombygd og har heile tre altertavler, ei frå kvar av stadene kyrkja har stått.

Gamlekyrkja frå Selje vart riven straks etter den siste gudstenesta vart halden 22. april 1866, og alt trevyrket vart lasta på ei råsegljekt og ført rundt Stadt. Eit halvt år seinare stod kyrkja på ny ferdig til bruk. Inga anna kyrkje i fylket har vore flytta så mange gonger som Leikanger kyrkje. Sidan kyrkja ikkje var ny, avgjorde Kyrkjedepartementet at det ikkje var naudsynt med ny vigsle, men at det i staden burde haldast ei passande høgtid i samband med at det også skulle vigslast ny kyrkjegard.

Kyrkja har vore soknekyrkje i Leikanger sokn sidan 1997.

Selje kyrkje
Selje kyrkje står nord om Seljesanden i Selje. Kyrkja, som har 500 sitjeplassar vart vigsla 13. mai 1866 Selje kyrkje er soknekyrkje for Selje sokn og hovudkyrkje i Selje prestegjeld.

Selje fekk ei av dei fyrste kyrkjene i Norge etter at Olav Tryggvason i år 996 gjorde Selja til helgenstad. Etter segna var det prestefrua Maren Søffrensdatter som sytte for at kyrkja vart sett opp i fjøra nord om Seljesanden.

Då dei reiv kyrkja på Bø, fløytte dei tømmeret over sundet og oppunder Nabbetangen like ved prestegarden. Meininga var at kyrkja skulle setjast opp på Hagevollen, ikkje langt unna prestegardshusa. Fru Maren likte ikkje tanken på å få attergangarane så nær innpå husa. Om natta bad ho drengen stiltre seg av garde og løyse tømmerflåten. Det bles sunnavind, og flåten rak av over vika og bort i fjøra på nordsida av Prestesanden. Då folk vakna og såg kva som hadde hendt, tok dei det som eit varsel om at kyrkja skulle byggjast her, og så vart gjort.

Selje kyrkje

Stårheim kyrkje
På det gamle hovdingsetet Stofreimr vart det truleg reist ei høgendekyrkje eller huskapell tidleg på 1100-talet. Kyrkjehistoria i bygda inneheld både brannherjingar og dramatikk, med makteliten på éi side mot provoserte bønder på den andre.

Stårheim kyrkje i dag er rekna som den tredje i rekkja, bygd i ei tid då dei kvite høgreiste gudshusa reiste seg overalt i fylket og i landet elles. Kyrkja på Stårheim fekk dei same tuftene som den førre kyrkja, like ved vegen nede langs fjorden. Ho ser ut som langkyrkjene flest, men har fleire spesielle løysingar innvendig. så var det og ein kreativ og dyktig arkitekt som teikna kyrkja.

Sakristia på kvar sida av koret har dører i kvar sin ende av gangen som er bygd attåt austveggen i koret. Frå denne gangen er det også dører inn i sjølve altarringen.

Totland kyrkje
Totland kyrkje, med 250 sitteplasser, tidlegare Totland kapell, står på Totland ved Bryggja og er frå 1912.

Frå starten til 1953 hadde gudshuset status som kapell i Rugsund sokn. Det året vart so Totland skild ut som eige sokn i Davik prestegjeld. I 1967 vart Totland sokn overførd frå Davik til Vågsøy prestegjeld. Totland sokn vart nedlagd att i 2002, for då vart sokna i Vågsøy prestegjeld ihopslegne til eitt sams sokn som heiter Vågsøy sokn. No heiter det Totland Sokn. da
Før dei fekk kyrkje på Totland sokna folk på nordsida av Nordfjorden i Davik prestegjeld til Rugsund kyrkje.

Heimeside