Foto: Stad kommune

Unike stadar å handle på Nordfjordeid

Det er alltid morosamt å finne ein butikk der dei har heilt spesielle varer. Dette har vorte endå meir populært etter at kjedebutikkane kom til. Nordfjordeid er handelssenteret i Nordfjord med mange spesielle handelopplevingar. Dei fleste i pittoreske Eidsgata, men der er også nokre døme på vellukka netthandel.

Bergart smykke & sånt

Kathrine Berg er gründeren og gullsmeden som har erobra eit stort publikum både lokalt og elles gjennom nettbutikken sin. Ho tilbyr kjekke ting med lokal tilknyting, mykje designa og laga i eigen verkstad. Eit besøk i butikken hennar i Eidsgata er ei oppleving i seg sjølv med stort og spanande utval og god og personleg service. Her blir shopping ei glede!

Monrad Johnsen, julebutikk, urmakar og gullsmed

Er dette landets største utval i julekuler og julepynt? I fleire generasjonar har familien tilbydt handlande gullsmedvarer, klokker, musikkinstrument og andre gåveartiklar. No er det mindre musikkinstrument, men desto meir julepynt. Set av god tid også til denne butikken.

Sundehjørnet med overraskelsar

Reidun på Sundehjørnet har alltid kjempegode tilbod, spesielt på alt av ull. Ho har også etablert ei eiga retroavdeling med musikk, servise og fat og lokale suvenirar. Eit besøk i Eidsgata må aldri skje utan eit besøk hos Reidun. Det store kuppet i dette årets sommarshopping finn du mest truleg her!

Minibakeriet, Didriks og Coco

Leon Knapskog er gründeren bak Minibakeriet i Eidsgata. Kundar reiser langt for å handle her. Forutan supergode brød og bollar, kan du her få dagens lunsj i form av sandwichar eller salatar. Han har også eit godt utval av lokale produkt i sitt sortiment. Sist, men ikkje minst er butikken utruleg koseleg og med svært, svært god service.

Didriks er for mange det kjekkaste med Eidsgata. Kafeen i signaturbygget Åsebøhuset har god kaffi, smårettar, moglegheit for hyggjeleg handel med smått og stort, og svært koseleg atmosfære.

Coco er det urbane tilbodet på bygda. Inge og Berit flytta frå Oslo til Nordfjordeid. Dei har etablert frisør og kafé i det mest attraktive lokalet i gamle Eidsgata. Her får du skikkeleg kaffi frå kaffimaskin frå Firenze og Berit sin heimebakst enten før eller etter hårklippen, alt levert med eit varmt hjarte for bygda og gata.

Frislid Herre-ekvipering

Frislid kjem altså frå Nordfjordeid til liks med fjordhesten. På Nordfjordeid har vi noko så fantastisk som herre-ekviperingsforretning. Her kan du møte kompetent personale som tar mål og tilbyr ein dress i din storleik og i ditt favorittstoff. Dei tar konsekvensen av at ikkje alle er A4. Frislid er kvalitet med ei sterk, lokal historie. Stikk innom Frislid!

Tore-Garden gardsbutikk

Tore-Garden er ikkje berre ein attraktiv nettbutikk, men held også ope tre dagar i veka med besøksadresse Leivdalsvegen 171, 6774 Nordfjordeid. Sølvi og familien hennar starta nettbutikk frå eit lite stabbur på garden i Leivdalen for nokre år sidan. Det har blitt stor suksess, og butikken har no også tatt over låven på garden. Her kan du kjøpe heilt spesielle kle eller interiør i vakre omgjevnadar og du blir gjerne invitert på ein kopp kaffi med noko attåt i det vakre tunet på garden. Tore-Garden er blitt ein attraksjon.

UT av Huse

I Heggjabygda har kunstnar Åse Huse har eit fargerikt atelier i ei gamal grindløe og det
særeigne lokalet byr på salsutstilling av kunst, handverk og redesign. Dørene opnast for
gjestar på førespurnad og de er velkomne til å kikke, slå av ein kunstprat og gjerne gjere ein
handel. Huse tilbyr og ulike kunstkurs i lokalet.
Les meir her

Sybutikken Primula Design

Ingunn Vaksdal har den minste og mest kreative butikken i Eidsgata. Her er snadder for den kreative, spennande interiørsaker, vesker, lamper, julepynt, smykke… ja, alt som er fint.
Ingunn har nettbutikk ilag med dottera si.

Handle lokalt der du er

Det er interessant at sopass mange har lukkast med nettbutikkar blant dei handlande på Nordfjordeid: Både Tore-Garden, Bergartsmykke og Sybutikken Primula Design har lukkast. Det gjer at du kan handle i desse spennande butikkane uansett kor du er og når det passar deg.

Foto: BergArt Smykke & Sånt