Nordfjordeid er handelssenteret i Nordfjord. I sentrum av Nordfjordeid finner du alt innanfor gangavstand. Her kan du parkere bilen og gå igjennom eit moderne kjøpesenter og vandre i ei historisk gate. Sentrum er kompakt og har alt frå små handverksbutikkar til større kjedar. Du finn det du treng på Nordfjordeid.
I sentrumskjerna finner du kjøpesenteret Alti Nordfjord med 22 butikkar, kafe og bank. Eidsgata som er hjerte i sentrum inneheld mellom anna eteplassar, nisje og handverksbutikkar, hår- og hudpleie samt turistinformasjon. Langs Sjøgata ligg det tre matbutikkar og det er nærare 1000 gratis parkeringsplassar i sentrum.
Rett uttan for sentrumskjerna finn du handelsområda Leirongane, Lunden og Stokkenes. Der finn du mellom anna Karl Sunde Møbler, Elkjøp og matbutikkar.
Det er mindre handelsenter i Selje, Leikanger og Bryggja.
Her er oversikt over ein del daglegvarebutikkar