© Ulf Rugumayo Amundsen

Vis omsyn i naturen

Det er mange flotte stader å ferdast i naturen i Stad. Hugs å ta omsyn til innmark og rydd opp etter deg.

Stad kommune har noko av den mest særprega naturen og dei mest verdifulle kulturlandskapa på Vestlandet. Her finn du kystlyngheier, sanddyner, sjeldne plantar og fuglar, verdifulle beiteområde og aktive gardsbruk som gjennom generasjonar har forma landskapet vi nyt i dag.

Vi ønskjer at alle skal kunne oppleve naturen vår på ein god måte. Samstundes er det viktig at ferdsel skjer med respekt for naturen, dyrelivet og dei som bur og arbeider her. Ved å vise omsyn bidreg du til å ta vare på verdiane som gjer Stad til ein unik stad å besøkje. Med retten til å ferdast i naturen følgjer det også nokre plikter.

Ta vare på sårbar natur

Naturen i Stad kommune rommar fleire sjeldne og truga artar og naturtypar. Nokre område er ekstra sårbare for slitasje og forstyrringar. Dette gjeld mellom anna delar av Stadlandet, Hoddevik, Ervik og andre område med viktige naturverdiar.

Når du ferdast i naturen, ber vi deg:

  • Halde deg på etablerte stiar der slike finst
  • Unngå å trakke i sårbare planteområde og sanddyner
  • La blomar, plantar og naturførekomstar stå i fred
  • Ta med alt avfall heim
  • Respektere skilt, informasjon og reglar der du ferdast

Særleg omsyn i Hoddevik og Ervik

For delar av Hoddevik og Ervik gjeld eigne forskrifter om ferdsel og åtferd for å verne viktige naturverdiar. Vi oppmodar alle besøkande til å gjere seg kjende med reglane før dei besøker områda.

Kulturlandskapet er skapt av aktivt landbruk

Store delar av landskapet du ser rundt deg er resultat av aktiv drift med beitedyr og skjøtsel gjennom mange hundre år. Gardsdrift og beite er avgjerande for å halde kulturlandskapet ope og for å ta vare på det biologiske mangfaldet.

Når du ferdast i område med beitedyr:

  • Lat grinder vere slik du fann dei
  • Hald god avstand til dyra
  • Gå rundt dyreflokkar dersom det er mogleg
  • Ikkje skil lam frå søyer eller forstyrr dyra unødig
  • Vis også omsyn dersom du møter bønder eller landbruksmaskiner i arbeid eller på vegen til og frå slåttemark

Kuvettreglane

Mange område i kommunen har storfe på beite. For eit trygt møte mellom folk og dyr oppmodar vi alle til å følgje kuvettreglane når ein ferdast i område med storfe.

Hugs bandtvang

Hundar kan skape uro for både beitedyr og dyreliv. I Stad kommune gjeld ordinær bandtvang frå 1. april til 20. august. I område der husdyr har rett til å beite og faktisk beiter, er bandtvangen utvida til 20. oktober. På delar av Stadlandet med heilårsbeite gjeld bandtvang heile året.

Vi ber alle hundeeigarar om å vise særleg omsyn til husdyr, hekkande fuglar og anna dyreliv.

Ver varsam i viktige naturområde

I Stad kommune finn vi mellom anna:

  • verdifulle kystlyngheier
  • sanddynelandskap i Hoddevik og Ervik
  • slåttemark og kulturlandskap
  • sjeldne orkidéar og andre planter
  • viktige hekkeområde for fugl
  • viktige leveområde for villaks og elvemuslingar
  • utvalde kulturlandskap av nasjonal verdi

Desse naturverdiane er ein viktig del av identiteten vår, og mange av artane og naturtypane er sjeldne eller truga på nasjonalt nivå.

Saman tek vi vare på Stad

Besøksforvaltning handlar om å skape gode opplevingar for både besøkande og dei som bur her, samstundes som vi tek vare på naturen, kulturlandskapet og lokalsamfunna våre. Stad ønskjer gjestar velkomne – og håpar alle vil bidra til at natur- og kulturverdiane våre kan opplevast og takast vare på også i framtida!

Nyttige lenker

Det er også mykje nyttig informasjon om kva som er lov og ikkje på Miljødirektoratet sine sider.

God tur!