Turar i fjell og fjøre

Stad kommune har eit variert og spennande utval av turar frå ytterst ved havet til innerst i fjorden. Dei fleste turane i Stad kommune fin du ved å søke eller på ut.no. God tur!

Dagsturhytter

Kvar kommune i gamle «Sogn og Fjordane» fekk tildelt ei dagsturhytte av fylkeskommunen. Dagsturhyttene i Stad kommune kom opp før kommunesamanslåing i 2020, og dermed er vi så heldige å ha to hytter på kvar sin flotte stad – Risnakken og Naustdalkamben.

Hogaråsa

Denne kulturløypa tek deg frå den gamle eksersisplassen på Nordfjordeid til skytebana soldatane brukte på Vårsetra.  Kulturløypa er ein av dei to vegane dei brukte på veg til skytebana, og går via den freda Hogaråsa som er tidfesta til ca år 1500, men som mest truleg er endå eldre.

Dei veglause gardane på Åsane (sti frå Lotsberg på Lote eller frå vegen til Hennebygda) er også eit turmål i særklasse.

Naturmøteplassar

Ved Navestøylen i Kjølsdalen har Trekløveret 4H laga ein naturmøteplass som er eit flott og lett tilgjengleg turmål for alle. På Gildra på Hjelle har Hestehoven 4H laga til ein flott naturmøteplass med fin utsikt. I skogen ved Orheim på Stårheim har Fredig 4H laga til ein fin naturmøteplass. Dei planlegg også ein naturmøteplass ved sjøen i Stårheim sentrum (ferdig i 2020). Naturmøteplassar finn ein også i Borgundvågen på Stadlandet, på Bryggja ved Lefdalsvatnet, på Utsikten i Nordfjordeid sentrum og fleire i Stigedalen og Harpefossen.

Setrane i Stad

Det er over 70 setrar i Stad kommune, og fleire av dei er særs godt tekne vare på og er viktige kulturminne. Det går skogsvegar til ei rekke setrar, noko som gjer det lett å ta seg fram til dei. Hjellesetra er ei av desse, og denne setra har også nasjonal interesse som følgje av at den er så godt teken vare på.

På Sagesetra i  Fladalen er der framleis drift på sommarstida då kyrne går der på beite. Også på Lotsstøylen har der vore drift heilt fram til no.

Turbotrimmen Eid

Turbotrimmen er i regi av Barnas Turlag Eid og har fine turar for heile familien med lett og fint terreng å gå i, og gode plassar å raste. Turbotrimkortet kan du få hos Chatlet Sport Nordfjordeid.

Turar i Selje, Stadlandet og Flatraket

I ytre del av Stad kommue finn du fine fjøre- og fjellturar – alle med fantastisk utsikt – frå 0 til 770 m.o.h. På UT.no finn du dei fleste turane.

Turar på Harpefossen

Harpefossen har eit godt utval av turar i fjella rundt dalen. Her kan du lese meir om turane.

T-tur Eid

I 2017 starta Midtre Nordfjord Turlag med T-tur. Det er T-tur Eid og T-tur Gloppen, med 10 postar pr år. T-tur er eit tilbod til ungdom og vaksne, mens dei yngste har tilsvarande i Barnas Turlag. Dei fleste turane er registrert på UT.no, eller UT-appen.

Du registrerer turmålet på SjekkUt – appen til Den Norske Turistforeninga.

Premiering til alle medlemmar som har gått på 8 turar, eller meir.

Alle kan delta på T-tur gratis, enten du er medlem eller ikkje. Dei fleste turane har T-tur-skilt som markerer startpunkt.

Turbøker

Opptur Stad

Boka skildrar dei beste turopplevingane i Stad kommune. Boka inneheld 146 turar, dei aller fleste fotturar til fjells. Her er også sentrumsvandringar i Nordfjordeid og Selje, bygdevandringar og turar til historiske stader som heilagøya Selja, Dragseidet og Sagastad. Boka har 7 sykkelturar.

Boka kostar 498,-

Opptur ytre Sogn og Fjordane

Denne boka skildrar dei beste turopplevingane på kysten av gamle Sogn og Fjordane. Boka inneheld fjellturar, sentrums- og kulturvandringar og sykkelturar og har totalt 163 turar å velge mellom. Den har heile 25 turar frå gamle Selje kommune.

Boka kostar kr. 498,-

Til Fjells

Turboka «Til Fjells» har samla dei mest  populære fjellturane i tidlegare Eid kommune. Her skildrar folk med stor lokalkunnskap korleis du enklast mogleg skal kome deg til og frå turstiane i kommunen, og ikkje minst kva du kan sjå og oppleve på turen. Fleire av turane kan gåast på ski eller truger om vinteren.

«Til fjells» er til sals på Totlands bokhandel for kr. 328,-. I boka ligg der vedlagt turkart.  God tur!