© Hamna Aktivitet og trening

Ting å gjere inne

Ikkje alle likar å vere ute, og nokre dagar er veret slik at det er kjekkast for dei fleste å vere inne. I Stad og området rundt kan du velje blant eit stort spekter av aktivitetar. Du kan bade, klatre, trene, ri eller besøke vikingsenteret Sagastad. Her finst pilgrimssenter, kunstutstilling og kyrkjer. Du kan gå på kino og konsertar i Operahuset Nordfjord og der er deilig SPA på Nordfjord Hotell. Innandørs shopping er også populært.

Klatre, trene og ri

Klatre er populært. På Hamna Aktivitet og Helse finst der klatrerom for dei minste der ein kan klatre i vikingskip og i kloster. Der er også ein imponerande stor buldrehall. Hamna har også nytt, stort treningssenter med mange aktivitetar. Også Trivselshagen på Sandane har klatrevegg.

Skate innandørs

Mange kjenner til Skateløa eller Jonaslåven. Her er det åpent for alle som ønsker å benytte seg av aktivitetstilbudene; skaterampe, bordtennis, buldrevegg og etterhvert mere moro for alle aldere. Vi har mange drømmer for denne løa og kommer stadig til å oppgradere den med nye tilbud etterhvert.

Løa er åpen mellom kl 1000 – 2200

Alle er hjertelig velkommen: KR 50 per dag

Hesteridning

Eid er fjordhestens heimstad, og du kan ri på fjordhest inne i dei store ridehallane ved Norsk Fjordhestsenter. Få omvisning på anlegget og lær om bruk og avl av ein av verdas eldste hesterasar.

Bad og SPA

Eid Idrettshus på Nordfjordeid har 25-meters basseng og eignar seg for heile familien. Nordfjord Hotell har terapibasseng med 32 grader og utandørs jacuzzi, badstover og relaxavdeling. Her får du massasjar og behandlingar frå ein rikhaldig SPA-meny. Trivselshagen på Sandane har stort badeanlegg med alt av aktivitetar for store og små.

Vikingsenteret Sagastad

Sagastad viser fram Myklebustskipet, eit av landets største kjende vikingskip. Her er utstilling med film om vikingtida på Nordfjordeid og du kan ta på VR-briller for ei tøff oppleving i vikingbygda for 1200 år sidan.

Pilegrimssenter og kyrkjer

I sentrum av Selje finn du Selje regionale pilegrimssenter, eitt av fire senter langs kystpilegrimsleia frå Egersund til Trondheim. Fint som aperitiff før besøk på Selje Kloster.
Der er mange vakre kyrkjer i området frå Selje i vest til Kjølsdalen, Stårheim og Nordfjordeid i aust. Ei stille stund i ei av kyrkjene er viktig for mange.

Kino og konsertar

Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid har topp moderne kino og nydeleg sal for teater og konsertar. Programmet finn du på operahuset.no

Innandørs shopping

Nordfjordeid er handelssenteret i Nordfjord. Den vakre Eidsgata er ein attraksjon, men i ruskever kan du velje kjøpesenteret Alti Nordfjord og kose deg med eit stort utval butikkar utan å bli våt på beina.

Kunstutstilling

I vakre Eidsgata på Nordfjordeid finn du Kulturhuset Gamlebanken med populære salsutstillingar. Du kan også velje galleriet til Åse Huse på garden hennar Ut av Huse i Heggjabygda, og få kursing i teikning og måling.

UT av Huse

Om du tek turen litt utanfor allfarveg til Heggjabygda, byr UT av Huse på kunstutstilling,
kulturformidling og kunstkurs. I det gamle eldhuset på gardstunet kan du lære om lokale
handverkstradisjonar og livet på garden før og no. Delar av den gamle grinlada er bygd om
til eit særeige atelier med ei lun atmosfære og er sin stad det er godt å vere. Her kan du rusle
rundt å sjå på kunst, slå av ein kunstprat, nyte utsikt til vakker vestlandsnatur eller delta på
kurs og skape noko sjølv.
Nettside
Facebook
Instagram