Stad kommune

Stad kommune vart skipa 1. januar 2020 ved samanslåing av Eid, Selje og deler av Vågsøy kommune i Nordfjord. Stad har ca 9.500 innbyggjarar, med Nordfjordeid som kommunesenter. På Nordfjordeid finn du alt du treng av handels- og servicetilbod, sjukehus, vidaregåande skule, offentlege kontor, opera-/kulturhus, legevakt, idrettshallar og det meste anna du treng for å leve eit godt liv i Stad kommune. 

Elles finn du gode stader å bu, barnehagar, skular, handelstilbod, spennande bedrifter og eit rikt lag- og organisasjonsliv rundt om i heile kommunen. Og du finn ein spektakulær natur som er fritt tilgjengeleg både sommar og vinter. Kvar elles i verda kan du surfe i bølgjene og køyre ski i puddersnø på same stad? Det kan du i Stad og Nordfjord! 

Vi har samla eit knippe med gode opplevingar, tilbod og tenester til deg. Vi håper du finn noko som kan passe – og at du vil finne deg til rette og trivast i Stad.

Skulle du ha noko på hjartet er du velkomen til å ta kontakt for ein prat. Ikkje ver redd for å ta kontakt med meg som ordførar direkte pr e-post, sms eller Messenger – vi skal prøve å hjelpe deg vidare så godt vi kan!


Beste helsing 
Gunnar Silden
Ordførar i Stad kommune

Stad.kommune.no