© Arne Helge Seljen

Selje

Nesten ytterst i havgapet, men likevel godt skjerma av øya Selja, ligg den flotte bygda Selje. Bygda har historie langt tilbake (kanskje 3000-4000 år) og er ein stad det er lett å bli glad i.

I sentrum av Selje finn du mellom anna fleire overnattingar, daglegvarebutikkTår Snackbarbensinstasjon, frisørar, park, fotballbane, kafe, pub, gjestehamn med vatn og straum, ei flott sandstrand og BUA.

Her er både nye og tradisjonsrike bedrifter. Nokre av dei er Saga Boats, Paneda, Riksbygg og Blåmyra.

Å gå på fjelltur i området er nesten eitt «must». Du kan velje mellom tur i fjøra, med fjellet som vegvisar, eller finne eit stort utval fjellturar som ikkje nødvendigvis er så høge, men som likevel gjev fantastisk utsikt. Finn mange flotte turar på ut.no

Selje er og eit flott område for å padle kajakk. Prøv ein dagstur langs fjøra eit stykke utover mot Ytre Fure eller rundt Selja.

Selje er ein viktig del av kystpilegrimsleia (Egersund – Trondheim). Etter å vore brukt som prestebustad er no Selje Prestegard open for alle. Her finn du no Selje pilegrimssenter.

Seljesanden strekke seg mellom sentrum og Selje kyrkje og ligg som ei flott lita perle for innbyggjarar og tilreisande. Her er flott å bade, samt drive vannsport som sup, kajakk og vannski. Når vinden er sterk i riktig retning er det og fint med vindsurfing.

BUA Selje ligg rett ved Seljesanden. Her er gratis utlån av sport- og fritidsutstyr.
På grunn av sikkerheit og tryggleik når man padllar, krev BUA Selje at lånetakarane har våttkort. Difor samarbeidar BUA med UT av Huse som arrangerar padlekurs i Selje 2 gongar i månaden og ellers på førespurnad frå mai til oktober. Gjennomført kurs gjev våttkort frå Norges Padleforbund og moglegheit for å låne kajakk gratis både hjå BUA Selje
og BUA Eid.
Låne kajakk
Padlekurs

Rett utanfor bygda kjem Stad skipstunnel – verdas første skipstunnel!

Selje er eit flott utgangspunkt for dagsturar til resten av Stadlandet, nordover mot Vanylven, sørover mot Måløy, og innover mot Nordfjordeid, Stryn og Loen.

Kart over Selje sentrum