Foto: Helle Frogner

Selje prestegard

Midt i Selje ligg prestegarden Hove, som opphaveleg omfatta mesteparten av sentrum, inkludert Seljesanden og kyrkjefjøra. Den har vore bustad for presten i tidlegare Selje kommune fram til 2020. I dag er prestegarden regionalt pilegrimssenter og kulturstove med kafé.

I pilegrimssenteret får du stempla pilegrimspasset, kjøpe suvenirar, bøker og vete meir om tilbod i Stad kommune og om nøkkelstadane i «gamle Sogn og Fjordane»

Med prestegarden som kulturstove kan du her oppleve konsertar, kunstutstillingar, litteratur- eller temakveldar, med fokus på mangfald, historie og nyskaping.

I Prestelåna kafé får du heimelaga mat av lokale råvarer, og søtsaker baka med kjærleik.

Her er og ei utstilling om historia til prestegarden.

Du kan lese meir på nettsida til Selje Prestegard

Velkomen inn!