Leikanger

Største bygda på nordsida av Stadlandet ligg idyllisk til med flott utsikt mot Sunnmøre.

I sentrum finn du mellom anna daglegvarebutikk, frisør, hotell, restaurant, byggevarebutikk, og rørlegger.

Leikanger er eit godt utgangspunkt for utfluktar og dagsturar til dei andre småbygdene og til dei mange flotte fjellturane og enda meir spektakulær natur.

Her er fleire industribedrifter med stor nasjonal og internasjonal marknad i bygda:
Stadpipe
Stadpipe ligg sentralt i høve all verdiskapninga langs vestlandskysten. Dei har store og små kundar, i heile Norge og i utlandet.
Sidan selskapet starta i 1995, har det utvikla seg til å bli blant landets fremste spesialistar på avanserte rørsystem.

Ervik Havfiske
Ervik Havfiske er det leiande linebåtrederiet i Noreg og mellom dei største når det kjem til fangstverdi.
Sjøfrossen linefanga fisk er selskapet sitt hovudprodukt, og fisken vert omsatt i ein global marknad.
Ervik Havfiske Gruppa består av over 30 selskap som i samarbeid driftar og betjener den store linebåtflåta. Gruppa er leiande innan forsking og utvikling. Flåten består av 10 havgåande autolinebåtar, og flaggskipet MS Frøyanes er verdas største linebåt.
Rederiet er også engasjert i vaktfartøy innan offshore, verkstad og forsyning.

Per Stave AS
I moderne lokale på Stadlandet held den tradisjonsrike familiebedrifta P Stave AS til, (tidlegare Per Stave AS) Sidan 1974 har dei produsert lutefisk og tørrfisk for sal i butikkar, og har eige fiskemottak. For dei er ikkje fisken berre ei inntektskjelde, men også ein tradisjon det er viktig å føre vidare til neste generasjon.