© Ulf Rugumayo Amundsen

Laksefiske

Eidselva

Eidselva strekkjer seg frå Nor, i vestre ende av Hornindalvatnet, til Eidsfjorden, ved Os, nærmast i Nordfjordeid sentrum.  Her kan du kjøpe fiskekort både privat og med Eid sportsfiskarlag. Fiskekort kan ein kjøpe på sportsbutikken i ALTI på Nordfjordeid.  Første fiskedøgnet i 2017 vart det teke 15 laksar mellom 5 og 10 kg.

Hjalma

Hjalma er ei mindre lakseelv som ligg ca 6 km vest for Nordfjordeid. Det er ei flaumelv som veks fort opp om det kjem eit regnskyll. Fiskekort kan ein kjøpe på sportsbutikken i ALTI på Nordfjordeid.