© Rafael L. M. Goncalves

Honningsvåg

Honningsvåg er er ei lita bygd i ein våg ytterst på Stadlandet. Havet og naturen gjer denne staden unik.

Det kan vere ganske veirhardt og krevjande med inn- og utsegling. Molo og god merking av leia gjer at det er ei god hamn for både yrke- og fritidsbåtar.

For deg som har dykking som interesse er området ein ypperleg stad for dette. Området er flott for fuglekikking og turar i området, både på fjellet og i flatare terreng.

Frå gammalt av har fjellet mellom Eltvik og Honningsvågen vært brukt som ferdselveg både før vegen kom i 1933 og ved dårleg veir og rasfare.

Foto: Ulf Rugumayo Amundsen