Sudstranda

Det er mange fine turalternativ i bygda Sudstranda. Sudstranda famnar om grendene Skåpavik, Holmøyvik, Storevik, Holmøy, Rognes og Skrede.

Ein tur som er særskilt verdt å merke seg er gangveg frå Holmøyvik til Holmøy Utigardsaga – ca 2 km med grusveg. Store delar av vegen går langs Hornindalsvatnet.

Her er også merka ca 20 km med stiar i skog og fjell. Det er merka 3 stiar til Glittereggja, høgaste fjellet i Stad Kommune.

Meir inspirasjon finn du på www.nytnaturen.no.  Frå Sudstranda er det bl.a.  teke med turar til Vikasætra, Holmøysætra, Rognessætra, Sonjahytta, gangvegen m.fl.