Hjelmelandsdalen

Hjelmelandsdalen er eit eldorado både sommar og vinter.

På vinteren er her Harpefossen skisenter med alpint og langrennsløype med 3 km lysløype, og gode moglegheiter for toppturar.

Om sommaren er dalen eit flott utgangspunkt for fleire fjellturar. Her er 10 mil med turløyper, i  tillegg til at ein kan fiske i elva Hjalma og fiskevatna innover fjellet. I Hjalma er det og fint å padle. På Sevlandsetra finn du ei bålhytte til fri bruk.

Den trondhjemske postvei i Bjørkedalen er omtrent 136 km og tek deg gjennom gamle setermiljø og steinbruer i varierande storleik.

Her er ein fin campingplass og eit godt utbygd hyttefelt i flotte omgjevnadar.

Anna næring i dalen er for det meste gardsdrift, men her er og ei bedrift som skreddersyr produkt til kunden – Bjarne Espe Trevarefabrikk, som starta i ein liten verkstad i 1948. Det heile begynte med å lage gyngestolar, mens i dag produserer dei garderober, kjøkken og bad.