Hoddevik. Foto: Ulf Rugumayo Amundsen

Badeperlene rundt om i Stad kommune

Det er mange badeperler rundt om, både inne, i sjøen, i elva og i vatn. Nokre er kjente, medan nokre er mindre kjente. Nokre er på toppen av fjella, medan andre er nede ved sjøen. Fjordabladet har laga ei liste på 15 av badeperlene rundt om i kommunen, men det er mange fleire som også er verdt eit besøk.

Nordfjord hotell

Om du ønskjer du å bade inne, så har Nordfjord hotell på Nordfjordeid ei eiga lite badeperle. Her er basseng, spa-anlegg med terapibasseng og utandørs jacuzzi.

Foto: Nordfjord hotell

Eid Symjehall

Det er sommarbading i Eid symjehall i vekene 25 – 32.

Symjehallen har følgjande opningstider i sommar:
Tysdagar og fredagar kl. 15:00-19:00 i veke 25, 26 og 27 (22.06. tom. 09.07.)
Tysdagar og fredagar kl. 13:00-17:00 i veke 28, 29, 30, 31 og 32 (13.07. tom 13.08.)

Sagaparken

Stad: Nordfjordeid

Med trampolinar, volleyballnett, grillplass og klatrepark i nærleiken har Sagaparken blitt ein populær badeplass for mange.

Osvika

Stad: Nordfjordeid

Med eit stort grasområde er Osvika ein badeplass for barn, vaksne og ungdommar. Når ein kjem ut i sjøen, er det også sand på botnen.

OSVIKA:  Osvika er ein av få plassar på Nordfjordeid med sand ut i sjøen.  
        
            (Foto: Olin Maria Yri)

Seljesanden

Stad: Selje

Med klart vatn og fin sand er Seljesanden ein badeplass for både store og små. BUA ligg rett ved sanden.

Gryta

Stad: Stårheim

Ein av dei tøffaste badeplassane på Stårheim er Gryta. Her kan det vere litt kaldt i vatnet, men det er badeplassen for dei tøffe og for dei som er på jakt etter hoppemoglegheiter.

Suffefjæra

Stad: Stårheim

Med små steinar og berg, er Suffefjæra ein passande badeplass for familiar.

Årskogvika

Stad: Lote

På Lote, ved Årskogvika, er det ei fin steinstrand, som passar godt for familiar eller vennegjengar. Her har ein flott utsikt til fjord og fjell.

Fjordsight Resort

Stad: Bryggja

Ved Norane på Fjordsight Resort finn du ei fin sandstrand. Det skal vere 200 meter med strandlinje, og det er gode moglegheiter for bading og fisking.

BRYGGJA:  Bryggja: Fjordsight Resort på Bryggja har gode bademoglegheiter med ei sandstrand. Stranda har også fin natur rundt seg.  
        
            (Foto: Per Ole Lefdalsnes)

Gautevatnet

Stad: Nordfjordeid

Slå to fluger i ein smekk med ein tur på Skårhaugssetra og eit forfriskande bad litt forbi toppen. Dette er eit typisk fjellvatn, som det er fint å bade og fiske i.

Vedvikvågen

Stad: Vedvik

Det er ikkje alle som har moglegheit til å bade i den djupaste innsjøen i Europa, men i Vedvikvågen legg alt til rette for at du kan ta deg eit bad i Hornindalsvatnet.

Nesjartun Camping

Stad: Nesjartun

Denne badeplassen ligg på enden av Hornindalsvatnet. Ideelt for badeglade som likar å hoppe.

Erviksanden

Stad: Ervik

Den populære Erviksanden er blant badestrendene i området med sand og blått hav.

Lisjebreiløken

Stad: Kjølsdalen

Dette er ein idyllisk badeplass, både for store og små. Lisjebreiløken er ein dam i elva som renn frå Ljådalsvatnet, og ned til fjorden gjennom Kjølsdalen. Badeplassen ligg ved Dalsetra.

Berga i Hessevik

Stad: Bryggja

Ta eit bad frå dei flotte berga i Hessevik. Her er gode moglegheiter for soling og avslapping.

Løkjastranda

Stad: Haugen

Ein av dei populære badeplassane på Haugen er ved Løkjastranda. Passar spesielt for små barn.

Hoddeviksanden

Stad: Hoddevik

På denne sandstranda kan ein både bade og lære å surfe. Hoddevik har også ein flott og fargerik solnedgang, der sola går ned i havet.

Kilde: Fjordabladet