Foto: Helle Frogner

Pilegrim i Selje

Selje er eitt av dei 4 regionale pilegrimssentera på kystpilegrimsleia. Kystpilegrimsleia er ei av dei 9 godkjende pilegrimsleiene og europeiske kulturvegar i Noreg. Leia er ein del av St. Olavsvegane til Trondheim og Nidaros. Nøkkelstaden/heilagmålet i Selje er øya Selja og klosteranlegget der. Selja er også målet for Sunnivaleia – ei pilegrimsvandring som knyter saman dei to heilage øyane Kinn og Selja. Sunnivaleia er også del av kystpilegrimsleia.

Selja vart i år 996 det første pilegrimsmålet i landet. Legenda fortel at det var her Sankta Sunniva – den gudfryktige kongsdottera – leid martyrdøden. Ho flykta frå Irland då ho mot si vilje skulle giftast bort til ein heidensk vikinghøvding. I ei hole opp i fjellsida fann Olav Tryggvasson relikviar etter Sunniva og følgjer hennar. Ho var heil og uskadd og Olav gjorde ho så til Noregs første helgen, og er fortsatt den einaste kvinnelege.

Gjennom heile mellomalderen valfarta pilegrimar til Selja for å ære Sta. Sunniva og Seljumennene. Sunnivahellaren oppe i fjellsida ved klosteranlegget, seiast å vere fødestaden til kyrkja i Noreg.
Øya Selja er ei av dei heilage øyene som finst rundt om i verda. The Holy Island of the North. Ho er framleis eit lite katolsk bispedøme. I dag kjem pilegrimar igjen til Selja, og vi ønskjer å legge best mogleg til rette for deg.

Selje prestegard vart etablert på Hove på slutten av 1500-talet. Før den tid låg prestegarden og kyrkja på Bø, på austsida av Selja.

I juni 2021 opna Selje prestegard for publikum- ein stad der alle er velkomne inn, pilegrim som bygdefolk. Ein stad der du kan kjenne deg heime.

Tek du klosterbåten over til Bø og går stien ut til klosteranlegget, passerer du staden der prestegarden låg i katolsk tid.

Ein inngang til kvile og samhald
Prestegarden har til alle tider vore ein viktig møtestad for tilreisande og bygdefolket. Prestegarden var viktig for utviklinga av lokalsamfunnet som samlingsstad, grunnlag for opplæring, kulturbygging og formidling.
No skal Selje prestegard igjen bli møtestaden for pilegrimar, besøkande og bygdefolk, og arven skal takast vare på og førast vidare til nye generasjonar.

Det regionale pilegrimsenteret Selje har lokale her og her er stover for kvile, kulturformidling og kafe. Med tida kan det også bli overnatting for pilegrimar – enten det er Selja eller Nidaros som er målet.

I brosjyra vår finn du m.a. informasjon om båtruter til Selja kloster og vandrestiar ute på øya Selja, kyrkjene våre og nokre viktige turvegar som vi trur har vore vegar for pilegrimar i tidlegare tider.

Vi ønskjer deg velkommen til Selje, og nøl ikkje med å ta kontakt!

Facebook: Selje pilegrimssenter
Facebook: Selje prestegard
Tlf: 475 15 463
E-post: selje@pilegrimssenter.no