Nesbygda

Indrefileten i Stad kommune og «kjelda til evig drikkevatn» for Nordfjordeid sentrum og store delar av Hjelle krins er Nesbygda. Bygda er innfallsporten til Europa sin djupaste innsjø, 514 meter på det djupaste, og Vestlandet sin største innsjø frå vest.

Bygda strekker seg langs riksveg 15/E39 frå Skaugset i aust forbi Nes og Nor. Frå Nor held bygda fram mot vest langs fv. 5745 til Kviane som grensar mot Bjørlomona.

Nesbygda har eigen campingplass i Nesjartun camping. Campingplassen har lange tradisjonar og er ein av dei overnattingsstadane som har drive lengst, truleg også i nye Stad kommune. Her kjem det gjestar både frå inn- og utland som søker ro og fred ved strendene tett att med Europa sin djupaste innsjø. Her får ein kjøpt fiskekort både til Hornindalsvatnet og Eidselva. Campingplassen har båtutleige som er nytta mykje i sesongen.

På Nesheim har Eidsbygda skyttarlag anlegg for innandørs miniatyrskyting som er mykje nytta i vinterhalvåret og som også har lokka skyttarkongar til bygda.

På Nor ligg det nye vassintaket til Nordfjordeid. Her har kommunen laga til nokre parkeringsplassar og tilkomst til vatnet som fleire nyttar både til å padle kajakk samt annan båttrafikk. Nor er også ein populær fiskeplass der Hornindalsvatnet går over i Eidselva. Grunneigarane på Nor har laga til fiskestiar som fiskarane nyttar seg av. Over Nor bru går også gang- og sykkelvegen samanhengande langs riksveg 15/E39 til Nordfjordeid. For dei lokale i kommunen er joggeruta «rundt Nor» nærmast eit eige omgrep. Skal ein jogge den turen opp langs riksveg 15/E39 på norsida av Eidsdalen og ned sørsida langs fv. 5745, ja då må du faktisk innom Nor og Nesbygda.

I gamle dagar var det både meieri, postkontor, skysstransport, kraftverk i Kviafossen og telefonsentral her så området rundt Nor har i alle år vore eit viktig knutepunkt både i Nesbygda og gamle Eid kommune. Det var frå Nor brygge båttraffiken på Hornindalsvatnet hadde endepunkt i vest når skyssbåten Dølen gjekk tur/retur Nor-Grodås med fleire stopp langs vatnet. Kven veit, kanskje kjem det ein ny Dølen som fraktar folk og fe på Hornindalsvatnet ein dag?

Landbruksnæringa står sterkt i bygda og kulturlandskapet vert halde i hevd ved beitedyr både på innmark og utmark i heile bygda. Sau-, geit- og ammekyr er dei vanlegaste dyra ein ser i bygda i tillegg til fjordhesten sjølvsagt.

Vi som bur her opplever at det vert satsa i bygda både på næring, nye landbruksbygg på Nor og vi ser at det poppar opp nye hus og nye fjes stadig vekk. Stad kommune og Nordfjord er inne i ein svært positiv periode med utvikling, samhold og folketalsvekst. Dei same trendane merkar vi også i Nesbygda.

Nesjarhall er ungdomshuset til Nesbygda. Huset ligg rett aust for Nesjartun camping og er det naturlege samlingspunktet for bygda. Huset er også mogleg å leige til bryllaup, konfirmasjonar og liknande for andre sjølv om ein ikkje har bustadadresse i Nesbygda.

I bygda er det fleire fine fjellturar ein kan nyte gjennom heile året. Frå Skaugset kan ein gå til Maragjølsetra/Rotisetra på merka sti og så vidare vestover gjennom Maralgjølsdalen og over til Lotesetra om ein ynskjer ein litt lenger tur. Nessetra, Kviasetra og Norsetra er også fine turar for store og små. Sagetindane, med sine 1022 moh er den nest høgste toppen i Stad kommune. Mange går turen på grusveg frå Lotesetra, men det er fullt mogleg å gå den frå Nesbygda også med startpunkt til dømes på Nes eller Nor.

Skal du oppleve Nordfjord på kryss og tvers langs riksveg 15 sine reisemål, så kjem ein faktisk ikkje unna Nesbygda.
Vi håpar du vil trivast anten som gjest, tilflyttar eller allereie bebuar i Nesbygda.