© Ulf Rugumayo Amundsen

Hjelle

Der sola står opp i aust over Hornindalsvatnet med Heggjabygda, Holmøyane og Nesbygda som ramme på kvar si side, der Eidselva sine lakserike kulpar svingar seg nedover Eidsdalen mellom Alsaker, Hildenes, Hjelle og Leivdalen i nord med Kviane og Nor i sør, der finn du Hjelle krins. «Stad kommune sitt austlege kraftsenter».

Hjelle er ein perfekt stad å la humla suse, ta seg ein dukkert i vakre omgjevnadar i Vågen, besøke idylliske Hjellesetra, søke fiskelukka i Eidselva, utfordre venar til fotballkamp eller legge turen innover den storslagne Fladalen som endar der Movatnet breiar seg ut som eit sølvfat under ruvande fjell.

Hjelle krins er samansett av grendene Heggjabygda, Holmøyane, Nesbygda og Hjelle med byggjefelta i Mogrenda som «sentrum». Alle har sine store og små hjartestader i grendene rundt frå naturmøtestaden Gildra, fottur til Hjellesetra, krafthistorikken i Kviafossen, i kajakk på eit blikkstille Hornindalsvatn (Europa sitt djupaste), til bading i Vedvikvågen og topptur på Stad kommune sitt høgste fjell, Glittereggja (1298 moh). I Grøndalen i Heggjabygda grensar Stad kommune til Volda og på veg mot Kjøs kryssar ein over grensa til både Stryn og Volda. På mange måtar er Hjelle bindeleddet og det naturlege bu- og arbeidsmarknadsområdet austover. Med andre ord ein naturleg stad å etablere seg for dei som vil bu i Stad men kanskje jobbar i Stryn, Grodås, Volda/Ørsta eller andre stader i nabokommunane. Bjørkedalen er eit anna flott grenseområde mellom Volda og Stad der innbyggjarane på begge sider av grensa i alle år har hatt nær kontakt heilt tilbake til Vikingtida.

Ein «stad i stad» har vi likevel meir til felles enn alle dei andre i krisen vår. Hjelle skule er innerst i hjarterota til innbyggjarane på Hjelle. Her finn vi felles grunn, felles jording og felles framtid der born og unge, ungdom, foreldre og besteforeldre delar store og små opplevingar både til kvardag og fest. På idrettsbana er det leik og aktivitetar heile veka gjennom både uorganisert og organiserte aktivitetar i regi av Heia IL. Inne på skulen i gymsalen øver Hjelle skulemusikk og på musikkrommet øver damekoret D-kor. Både gymsalen og fotballbana med meir er bygd på dugnad av det driftige bygdefolket og står fjellstøtt som fundamentet i bygda.

Hjelle krins er rik på aktivitets- og fritidstilbod også utover Heia IL og Hjelle skulemusikk. På fellesanlegget Tua i Fladalen og ved inngangsporten til Stigedalen finn ein hovudanlegget for skyting og langrenn i Stad kommune. Her trenar både Eid ski og Eid skyttarlag gjennom heile året i tillegg til at Fladalen er eit ynda turområde og attraktivt hytteområde. Langs Hornindalsvatnet kan du sykle frå Mogrenda til Kalvatn på fylkesveg 5744 som kanskje er Noreg sin flottaste «Nasjonale turistveg» utan i realiteten å vere det. Utsikta mot Sunndalsnipa frå Melheim når du rundar Åsebønakkjen etter å ha sett Hornindalsvatnet bak deg gå over i Eidselva og Nordfjorden før du vender blikket austover er ganske enkelt majestetisk.

Er du riktig heldig kan du faktisk oppleve å gå både på skøyter om vinteren og bade om sommaren oppå eller i Hornindalsvatnet som også er hovudvasskjelda for Nordfjordeid. Ei hovudvasskjelde som ligg i rør under gang- og sykkelvegen frå Nor bru til Nordfjordeid som på mange måtar er den grøne og helsebringande hovudframkomståra i bygda.

Visste du forresten at forsvaret står sentralt både i historia og dagleglivet i Hjelle krins? På Firda kaserne har HV11 sin base for øvingar og kursopphald i heimevernet. Det er lett å sjå og leggje merke til når forsvaret er tilstades.

Hjelle krins har også den noko tvilsomme æra av å vere vertskap for Noregs mest skredutsette veg til Navelsaker. Ei fantastisk idyllisk bygd som skal få ein skredsikker veg dersom innbyggjarane i Hjelle krins får siste ord. På sørsida av vatnet kan du stoppe på Holmøyane arbeidsskule sine kunstutstillingar, bestille kjøken hjå Hjelle snikkarverkstad, få ditt draumedesign hjå Feel Free Productions eller sjå på seletøy til fjordhesten hjå selemakaren i Holmøyvika medan du kviler blikket på høgdegarden Furefjerding på norsida av vatnet.

I Hjelle krins står næringslivet sterkt. Ein svært stor andel av matproduksjonen i høve mjølk og kjøt i kommunen kjem frå gardane i området. I tillegg er det fleire som over lang tid har drive med ein av kommunen vår sine fremste kjennemerke og som prydar kommunevåpenet vårt i lag med St. Sunniva, nemmeleg fjordhesten. I Leivdalen finn ein nokre av dei største gardane og samtidig den mest kjende nisjebutikken i mils omkrins «vegg i vegg» i Toregarden der du kan gjere alt frå å «shoppe», ta laurdagskaffien eller gå på julemarknad.

Tvers over dalføret finn ein Norsand og Eid betong, som er vår største aktør på anleggsida. Dei leverer alt frå pukk, stein, singel, betong og arbeid i alle former innan det faget ein i NRK-Super kallar «Store maskiner». Litt lenger aust finn du ein av kommunen sin eldste og mest tradisjonsrike campingplassar. På Nesjartun camping kan du kjøpe fiskekort både til vatnet og elva, leige motorbåt og trøbåt eller berre leige ei hytte og nyte utsikta mot Kjellvorneset, Vedviknibba og Lindvika.

Frå basen sin i Frislida finn du Ut av Huse som driv alt i frå kunst til kajakkurs på eit blikkstille Honndalsvatn, som vatnet vert kalla på folkemunne. Om du er riktig så sprek kan du faktisk padle i kajakk frå Nor, krysse fylkesgrensa over til Møre og Romsdal i aust og ta søndagskaffien i Grodås før du returnerer mot solnedgangen i vest langs grønkledde åsar og med beitande sauer heilt i vasskorpa.

På Hjelle kan du bli rockestjerne eller «The Voice-deltakar» med utgangspunkt frå Heggjabygda, «Farmen-vinnar» frå Vedvika, Europameister i skyting eller brassband, 4H-ar i Hestehoven eller Heggrosa, gründer i kajakk eller klesbutikk, fotballkeeper på Sogndal eller langrennskomet. Det er eigentleg ingenting ein ikkje kan oppnå og drøyme om med oppvekst frå Hjelle eller bustad på Hjelle anten draumen din er å bli bonde, sjukepleiar, rockestjerne, lærar eller noko heilt anna.

Her aust, der Honndalsvatnet blir til Eidselva, tør vi å drøyme stort og ha solid bakkekontakt samtidig. Vi håpar og trur at du som les dette anten vil komme til Hjelle krins for å bu i lag med oss på drøymetomta, realisere din draum eller stikke innom oss på besøk anten det er i Heggjabygda kyrkje, på samankomst i grendahusa Vonlund, Hjelle, Nesjarhall eller kulturskulekonsertar og idrettsarrangement på Hjelle skule. Uansett om ærendet ditt er permanent bustad eller gjennomreise så er du hjarteleg velkomen til vår hjartestad. Og, skulle du ha spørsmål om det eine eller det andre så ta kontakt med din nærmaste «Hjellar» eller bygdeutviklingslaget, Hjelle krins utviklingslag, så finn vi ut av det i lag. Sjekk også ut.no for dei fine turløypene i krinsen vår.

Naturmøteplassen Gildra er eit ynda turmål med ein godt tilrettelagt rasteplass og nydelig utsikt.
#hjelleisentrum

Reia på Gildra med fantastisk utsikt over Nordfjordeid og Eidsfjorden.