© Arnfinn Kjelland

Ervik og Hovden

Inni ei vik ytst på Stadlandet som strekkjer seg som ein knyttneve ut i storhavet, finn du bygda Ervik.

Bygda er lita, men rommer mykje, både av historie og aktivitetar i notida. Her finn du ei flott sandstrand, tett attmed den særprega kyrkjegarden og minnekapellet over ulukka med St. Svithun hausten 1943.

Her i Ervik finn du og den dramatiske krigshistoria med festningsanlegg i Hovden og minnekapell over russarar og ukrainarar som døydde i den tyske fangeleiren.

Hovudnæringa er landbruk og reiseliv. Her er er store, veldrevne gardar og ei av dei beste surfestrendene i Noreg. I tillegg er Noregs største linebåtrederi – Ervik Havfiske – opprinneleg herfrå, no lokalisert på Otneimsneset.

Det er ikkje butikk i bygda, men Tår Snackbar er som ein liten minibutikk, er døgnopen og har kaffemaskin!

Skateløa i Ervik

Mange kjenner til Skateløa eller Jonaslåven som det tidligere het. Her er det åpent for alle som ønsker å benytte seg av aktivitetstilbudene; skaterampe, bordtennis, buldrevegg og etterhvert mere moro for alle aldere. Vi har mange drømmer for denne løa og kommer stadig til å oppgradere den med nye tilbud etterhvert.