© Stad kommune

Utandørs anlegg for leik og moro

Stad kommune har mange flotte utandørs anlegg for fysisk aktivitet og leik.

Du finn leik/aktivitetsområder ved alle skular og barnehagar. Stårheimsparken på Stårheim skule var ny i 2020. Leikeplassar vert etablert i alle nye byggefelt.

I tillegg finns det aktivitetsanlegg i:

  • Sagaparken
  • Kjerkeparken
  • Badstutomta i Nordfjordeid sentrum.

Det er ikkje mindre enn 4 sandvolleyballbaner på Eid:

  • Sagaparken
  • Nordøyrane
  • Fjordane Folkehøgskule
  • Eid vidaregåande skule.

Ved Eid Idrettspark ligg det også ein skatepark.