Freistingar frå inst til ytst
i Stad kan du verkeleg oppleve dei store kontrastane ein finn i Nordfjord. Frå stille vatn inst ved Holmøyane – ved Europas djupaste innsjø, til lange kvite sandstrender, røft innpakka av bratte klipper ytst ved Vestkapp. Midt i Stad, får du smaken av det urbane livet i bygdebyen Nordfjordeid. Passe stor. Passe liten. Stor nok til å tilby det du treng. Liten nok til å gje kjensla av å ha den for deg sjølv.
Frå inst til ytst byr Stad på essensen av Nordfjord. Det perfekte utgangspunktet for ein uforgløymeleg ferie.