T-tur Eid

I 2017 starta Midtre Nordfjord Turlag med T-tur. Det er T-tur Eid og T-tur Gloppen, med 10 postar pr år. T-tur er eit tilbod til ungdom og vaksne, mens dei yngste har tilsvarande i Barnas Turlag. Dei fleste turane er registrert på UT.no, eller UT-appen.

Du registrerer turmålet på SjekkUt – appen til Den Norske Turistforeninga.

Premiering til alle medlemmar som har gått på 8 turar, eller meir.

Alle kan delta på T-tur gratis, enten du er medlem eller ikkje. Dei fleste turane har T-tur-skilt som markerer startpunkt.