
Strikket – Catwalkshow på Stad hotell
Laurdag 28. august er det Catwalkshow på Stad hotell. Utgangspunktet er prosjektet Strikket. Motivasjonen er å knyte saman menneske over heile verda i ein fellesskap kring kreativitet og skaparglede.
Julia Kröner Venø er frå Tyskland. Ho er utdanna skreddar og mønstermakar i Tyskland, master i mote frå London, og har undervist som professor i mote ved eit universitet i den amerikanske storbyen Atlanta.
Ho og familien til Venøya i Stad kommune i 2020. Her har ho vorte særs begeistra for den norske kulturen og vil gjere noko ut av inspirasjonen ho har fått her i sitt nye heimland.
Ho har samla inn ulike strikkeplagg med ulike mønster frå lokale strikkarar. Dette er alt frå selbumønster frå 1895 til meir moderne norske strikkemønster frå 1900-talet. I tillegg har ho med hekla produkt og anna handarbeid. Med seg på laget i prosjektet har ho lokale strikkarar frå ytre Nordfjord, og unge designarar frå åtte ulike land i tre ulike verdsdelar. Saman jobbar dei med å sette saman nye designantrekk.
På showet vil du få sjå antrekk designa og laga både i Kina, USA, India, Sverige, Finland, Storbritannia og Columbia – alt basert på norsk kultur og mønster.
Etter showet blir det middag og konsert med lokale artistar.